Produksjoner

Do not feed the trolls

The Krumple Theatre Company

Teaterforestilling – Ungdom

Ei teaterforestilling som tar for seg råskapen, kynismen og sadismen hos moderne «internett-troll». Kiki Kannibal er aliaset til ei amerikansk tenåringsjente som over natta blei til ein web­celebritet gjennom det sosiale nettverket Myspace i 2006. Kirsten Ostrenga, som er hennar eigentlege namn, har i løpet av dei siste ni åra opparbeida seg ei enorm gruppe av fans og tilhengarar ­ men òg ei minst like stor gruppe av troll og hatarar. Med denne sanne historia ynskjer kompaniet å sette lys på korleis kommunikasjonen mellom menneske drastisk forandrast når ein har ei anonym maske å gøyme seg bak. Fascinert av opphavet til begrepet “internett-troll” byrja kompaniet å gå gjennom norske folkeeventyr som skildrar møte med troll og ynskjer å sjå på parallellane mellom dei klassiske trolla og dei moderne, skjulte trolla. Eventyra tar for seg farane som oppstår i det ein forlet heimens trygge veggar og ferdast inn i det ukjente. Kva for farar kan vi treffe på idag? Og kva for troll må vi kjempe? Oppvekst er eit sentralt tema i stykket, då unge i dag er eksponert for nye farar ­ i sitt eige soverom. Frå soverommet sitt prøver Kirsten å nå ut til andre menneske, men oppdagar at trolla bankar på hennar eiga dør. Det som i byrjinga opplevast som eit popularitetsspel forvandlast på kort tid til ei brutal verkelegheit.

Medvirkande: Oda K Nyfløtt, Jo Even Bjørke og Vincent Vernerie.

Velg år 🢑
Alle år
2024
2023
2022
2021
2020
2019
2018
2017
2016
2015
2014
2013
2012
2011
2010
2009
2008
2007
2006
2005
Teater
Visuell
Musikk
Dans
Kulturarv
Litteratur
Scenekunst
Music
Animasjon
Verksted
Film