Produksjoner

BLINDGJENGAR

Dramatikk/teater – 15-75 år | Ole Henrik Risøy Solheim, Martin Dyngeland & Malene Stadaas

Sceneteksten "Blindgjengar" av Ole Henrik Risøy Solheim utforskar tema som einsemd, tilhøyrsle og blindskap til ein sjølv. Handlinga følgjer ein mann som bur på ein udefinert stad langt vekke frå andre. Ein dag møter han ein annan mann; eit møte som skal definere hans tryggleik og sjølvinnsikt. Gjennom ulike minner og situasjonar skildrar stykket kva det vil seie å vere menneske, kvifor nokon vel å dra og kvifor andre vel å bli. Målgruppa for sceneteksten er unge vaksne. Under opphaldet ved SEANSE var hovudfokuset å utforske karakterane gjennom ulike øvingar med og utan tekst, samt samtalar. Kunstnaropphaldet har, med innspel og inspirasjon frå både mentorar og utøvarar, gjort at materialet har utvikla seg betydeleg, og dei ser fram til vidare utvikling.

Velg år 🢑
Alle år
2024
2023
2022
2021
2020
2019
2018
2017
2016
2015
2014
2013
2012
2011
2010
2009
2008
2007
2006
2005
Teater
Musikk
Visuell
Litteratur
Scenekunst
Dans
Kulturarv
Music
Animasjon
Verksted
Film