Productions

Skit eller kanel

Kim Helge Strømmen & Jon Erik Myre

Scenekunst – 13-16 år

«Skit eller kanel» skal verte eit scenisk formidlingstilbod for ungdomstrinnet der journalistikk, medieforståing og kjeldekritikk er tema. Gjennom opphaldet på Seanse har Jon Erik Myre og Kim Helge Strømmen undersøkt korleis dei som skodespelarar med forskjellige strategiar kan belyse og iscenesetja korleis falske nyheiter og falsk informasjon blir handtert av målgruppa. Med framsyninga ønskjer duoen å styrke kjelde-kritisk tenking og skape bevisstgjering og engasjement.

Framsyninga tek utgangspunkt i det kjende radioteateret «Klodens kamp» før dei ser på problemstillingane i vår eiga samtid.

Denne produksjonen er ein del av prosjektet «Meir Nynorsk i DKS!» er eit samarbeid mellom SEANSE, Kulturtanken, Vestland fylkeskommune, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.

Foto: Kristian Glomnes, Seanse

Choose year 🢑
All years
2024
2023
2022
2021
2020
2019
2018
2017
2016
2015
2014
2013
2012
2011
2010
2009
2008
2007
2006
2005
Music
Theatre
Visual
Literature
Dance
Visuell
Cultural Heritage
AI/MR/AR/VR
Animation
Performing arts
Workshop
Film
Dans