ØRN
Litteratur/verkstad – 6-11 år
Einsemd og utanforskap, men òg om å vekse og bli ei farleg ørn på jakt etter bøller, er noko av tematikken for billedboka «Ørn». Martine har både skreve, animert og laga til verkstad for tidlegare produksjonar i DKS. Produksjonen «Ørn» står på skuldrane og vidareutviklar hennar metodar. Martine les opp frå boka og får oss til sjølv å lage våre heilt eigne biletbøkar ved hjelp av brettekunst. På opphaldet har Martine jobba med å utforme eit DKS-opplegg, som ynskjer å gi elevane innsikt og inspirasjon til å kunne teikne og skrive sine eigne historier og bøker.
Denne produksjonen er ein del av prosjektet «Meir Nynorsk i DKS!» er eit samarbeid mellom Kulturtanken, Vestland fylkeskommune, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.
Photo: Kristian Glomnes, Seanse