Elv På Himmelen
Musikk – 12-19 år
Elv På Himmelen – Jon Fosse i elektronisk drakt.
Denne produksjonen har som mål å gi unge vaksne høve til å høyre Jon Fosse sine dikt i ny elektronisk drakt. Med utgangspunkt i 12 dikt av Jon Fosse, fokuserer konserten på eksistensielle dimensjonar som liv, død, kjærleik, sakn, einsamheit, forelsking og på vår natur – altså det alle, og ikkje minst ungdommar, er i kontakt med. På kunstnaropphaldet har Sandra Kolstad og hennar med-musikarar prøvd ut ulike kommunikasjons-strategiar med publikum, utvikla og spelt seg igjennom forskjellige musikalske format, undersøkt forholdet mellom tekst og musikk og korleis formidle dikta på ulike vis.
Denne produksjonen er ein del av prosjektet “Meir Nynorsk i DKS!” er eit samarbeid mellom Kulturtanken, Vestland fylkeskommune, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.
Photo: Kristian Glomnes, Seanse