Kampen – forfattarbesøk

Geir Egil Eiksund & Henrik Koppen

Litteratur formidling /musikk – 10-13 år

Kva bok skulle du ha likt å lest til den yngre deg? Geir Egil Eiksund, forfattar av Kampen har skreve ei bok han sjølv skulle likt å lese då ha var 11 år. Den handlar om kor vanskeleg det er å være annleis. Og at det faktisk går heilt fint. Mangfald i alle variantar er viktig, og kan vere med på å gje borna medvit om at verda og samfunnet er samansett. Vidare bidra til å legge eit godt grunnlag for å skape respektfulle borgarar. Gjennom opphaldet på Seanse har Geir Egil og musikar Henrik Koppen jobba med å utforske dialogen mellom musikk / lydbilde og formidling av boka.

Denne produksjonen er ein del av prosjektet «Meir Nynorsk i DKS!» er eit samarbeid mellom Kulturtanken, Vestland fylkeskommune, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. 

Foto: Kristian Glomnes, SEANSE