Kunstprogram

Mi og di forteljing

19-10-2017
/
Volda, Norge
Ein dokumentarfilmverkstad der ungdomane fekk lære foto- og filmteknikk og å skape eigne filmar.

Eit kunstprogram initiert av Seanse – senter for kunstproduksjon og Are Pilskog i Blåst Film og gjennomført i samarbeid med bebuarar og aktivitetsleiar David Merheb ved Volda mottak for einslege mindreårige flyktningar.

Dokumentarfilmverkstaden vart gjennomført over ei periode på to månadar, frå midten av april til midten av juni. Det var gjennomført femten møter mellom filmskapar, aktivitetsleiar David Merheb og ungdomar ved mottak for mindreårige flyktningar i Volda, og Seanse ved prosjektleiar Rita Slotterøy.

Målet med prosjektet var å styrke deltakarane sin refleksjon omkring eigen identitet, ved å utvikle og formgje eigne forteljingar i dokumentarfilmsjangeren og gjennom å oppleve og vurdere andre sine filmar. I verkstaden fekk ungdomane ei innføring i å skape dokumentarfilm, der mange konkrete øvingar har gitt dei ei god innsikt i filmfaget.