Kunstnertreff

KUNSTNARLEG INSPIRASJON

14-03-2023
/
Volda, Norge

Kunstnarleg Inspirasjon – kva er det?

Kor får vi inspirasjon og idear frå? Kva for impulsar utløyser til ein kunstnarisk prosess og produksjon?
Møre og Romsdal fylkeskommune og Seanse – senter for kunstproduksjon inviterer til kunstnartreff 14. mars på Seanse, i Henrik Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda frå kl. 16:30 til 20:00.

I dette kunstnartreffet vil du få møte designar Kjell Ingebrethsen Nordstrøm alias Baron von Bulldog og høyre hans tankar om kunstnarleg inspirasjon, samt mottakarar av Møre og Romsdals kunstnarstipend Henrik Koppen, kunstnar og musikar, Jan Otto Ertesvåg, filmskapar, Elin Grimstad, animasjon og litteratur, og Ann Helen Kolås Ingebrigtsen, forfattar. Dei vil fortelje om sine prosjekt og dele sine erfaringar. Det er ein ambisjon å ha ein møteplass mellom kunstnarar på tvers av uttrykk som kan gi nye og spennande samarbeid. Møre og Romsdal fylkeskommune og Seanse ønsker også å vere med på å synleggjere kunstnarane og arbeidet dei gjer.

Vi ynskjer kunstnarar, studentar, kommunar og kunst- og kulturinstitusjonar og andre interesserte er velkommen til å delta denne kvelden. Det vil være enkel servering og mingling som startar kl. 16:30 til 17:00.

PROGRAM

Program
Foto: Agnete Brun
Foto: Agnete Brun

Kjell Ingebrethsen Nordstrøm er ein av Noregs mest anerkjende profilar innan mote og design. Han er designar, stylist, skreddar og frisør – og kreativiteten hans er kjend og respektert i mange miljø. Han har laga alle kostyma til skodespelarane i den mykje omtalte TV-serien EXIT, som kjem med sesong 3 i 2023. Han og har også hatt suksess med fleire eigne kleskolleksjonar som «Stars & Groupies», «Circus Maximus», «…being boring», «EUROPA», «the Alpha Male», «HEROES», «Eva Braun Kollektion» og «East End Boys & West End Girls». Kjells skal snakka om kreativitet og inspirasjon og korleis ein kan tenkja og jobba meir kreativt. Det blir historier både frå hans private liv, men også korleis han jobbar profesjonelt.

Foto: Jan Egil Ådland / NRK
Foto: Jan Egil Ådland / NRK

KUNSTNARAR

Elin grimstad

Elin Grimstad er ein norsk forfattar, animatør og musikar. Ho gir ut barnebøker og lagar animasjonsfilmar, i tillegg til å vere låtskrivar og vokalist i indiepopbandet Je Suis Animal.

For den animerte kortfilmen Evige jaktmarker (Eternal Hunting Grounds, 2016) fekk Grimstad prisen Golden Dove i kategorien Best Short Animation Film under International Leipzig Festival for Documentary and Animated Film i 2016. Filmen var òg bland dei 63 animasjonsfilmane på kortlista for nominasjon til Oscar-prisen i 2018.

Fallback

Henrik Koppen har ein bachelorgrad frå Kunsthøgskulen i Bergen, og er busett i Velsvik i Volda kommune. Han jobbar med performancekunst, video, skulptur, lyd og musikk, og har synt arbeida sine over heile landet og rundt om i Europa. I tillegg til eigen solopraksis er Koppen engasjert i mange ulike samarbeidsprosjekt, som til dømes skuleframsyninga “Kampen” med forfattar Geir Egil Eiksund, prosjektet “Svarteboka” med musikarane Marianne Baudouin Lie og Unni Løvlid, samt performance-duoen Koppen & Jorkjen saman med Finn Adrian Jorkjen.

Jan Ertesvåg

Jan Otto Ertesvåg har ein MA i animasjon frå Royal College of Art i London (1997). Filmane hans har vorte vist og premiert over heile verda. Etter 12 år med animasjon og regi i ei rekkje animasjonsstilar i Oslo, er han no basert i Ålesund der han held fram med å utvikle og produsere sine eigne abstrakte historier. Han lagar no både animasjons- og live action-filmar utandørs i kulissane. Dei siste åra har han laga ein trilogi "frå kysten", og retta merksemd mot livsformer og sivilisasjon.

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen er lærar og forfattar frå Valderøya i Giske kommune. Ho debuterte med ungdomsromanen Sinne i 2020, ei bok om ei ung jente som har ADHD. Boka vann både Bokbloggerprisen 2020 og Årets ulest 2021. I 2021 fekk ho stipend for å arbeide med manuset til neste bok. Ungdomsromanen fekk tittelen Eg blir her og kom ut i 2022. Framtida trilla ein femmar på terningen og kalla det "ei velskriven hyllest til Vestlandet". I 2022 mottok Ingebrigtsen stipend for å arbeide med nytt manus, ein grøssar for ungdom. Ho er godt i gang med arbeidet og målet er utgiving i 2024. Ingebrigtsen vil fortelje litt om prosessen frå manus til ferdig bok, med vekt på siste utgiving.

Dette kunstnartreffet er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune og Seanse

MRFYLKE

Seanse Art center

Coverbilde: Henrik Koppen - I Suck My Tongue pt. 3 - Foto av Petter Lønningen