Webinar

Kunstnarøkonomi

17-04-2020
/
Online - Volda, Norge
Webinar om kunstnarøkonomi og sjølvmelding

I samarbeid med Norsk Forfattersentrum Midt-Norge.

Kurset krev ingen forkunnskapar og det blir høve til å sende inn spørsmål undervegs. Er du kunstnar og driv for deg sjølv eller har eit lite firma så kan dette webinaret vere til god hjelp når du skal starte på sjølvmeldinga. Open for alle interesserte.

Dette webinaret er ferdig, men du kan sjå det i si heilheit her:

Program

KUNSTNARØKONOMI Gode tips
- Ved Knut Alfsen, styreleiar i Norsk Skodespelarforbund.

Korleis kan kunstnarar sikre at dei betalar riktig skatt og samtidig opparbeider seg rettigheiter til sjukepengar, foreldrepengar og pensjon i slike arbeidssituasjonar?

SJØLVMELDING Postar og utfylling
- Ved advokat Harald Breivik.

Han vil gje ein kort presentasjon av regelverk rundt skatt og gjere greie for:

  • skillnaden mellom lønnstakar og næringsdrivande
  • fradragsmoglegheiter
  • moms
  • foretaksformer
  • næringsoppgåve
  • krav til bokføring

BIDRAGSYTARANE

Knut Alfsen

Knut Alfsen

Norge – dukkespiller

Knut Alfsen er utdanna dukkespiller. Han har mastergrad i teatervitenskap, og har lang erfaring både som utøver og kulturadministrator; bant anna som kulturhusleiar på Nøtterøy Kulturhus og leiar av Ålesund Teaterfestival. I dag er Alfsen forbundsleiar i Norsk Skuespillerforbund og dagleg leiar i teateret Levende Dukker AS. Han har lang erfaring i å holde kurs, og i å gi råd om dei spesielle regnskapstekniske utfordringane kunstnarar møter når dei vekslar mellom ei rekke kortvarige jobbar – dels som førebels tilsett og dels som (ufrivillig?) næringsdrivande. 

Harald Breivik

Harald Breivik

Norge –Advokat

Advokat Harald Breivik har spisskompetanse innanfor skatterett og arbeidsrett er en ettertrakta kurshaldar på området. Dei siste 15 åra har han vore fast kurshaldar for både Regnskap Norge AS og Den norske Revisorforening. Breivik engasjerast også regelmessig som kurshaldar for skattemyndigheitene og har ved fleire anledningar haldt kurs for Norges Kemner- og kommunekassererforbund, for Trondheim kemnerkontor og Skatt Sør og Skatt Øst.

Webinaret er tilknytt prosjektet LiM – Litteraturformidling som næring i Midt-Norge. Målet med prosjektet er å knyte forfattarar, litteraturformidlarar og arrangørar i regionen tettare til kvarandre og bidra til profesjonalisering. Les meir om prosjektet her: 

Forfattersentrum 600 000 Norsk Forfattersentrum Midt-Norge

This is the first in a series of three digital conferences. The next themes of the next webinars are: 

– What Competencies and skills are developed through the gaming?

Learning by gaming? – Gaming in Education.