Småkunst

Småkunstfestivalen 2015

19-07-2015
/
Ålesund, Norge
Internasjonal kunstfestival for små barn i alderen 0-6 år

Seanse – senter for kunstproduksjon i Volda arrangerer for 2. gong SMÅKUNSTFESTIVAL i samarbeid med Høstscena sin årlege scenekunstfestival i Ålesund. Småkunstfestivalen set fokus på kunst for dei minste i offentleg rom. Den einaste festivalen i sitt slag som skaper ein arena der små barn, foreldre og fagpersonar kan møtast for å oppleve ulike og utvalte kunstsjangrar av høg kvalitet.

Noreg er eit føregangsland når det gjeld å skape profesjonell kunst for dei aller minste, barn i alderen 0- 6 år. Barnehagar og småbarnsforeldre går mann av huse for å oppsøkje profesjonell kunst av høg kvalitet når dei får tilbod om det, og norsk kunstproduksjon for denne målgruppa er attraktivt for scener og festivalar rundt om i verda. I Haust er det i Ålesund det skjer, ein internasjonal kunstfestival for små barn i alderen 0-6 år, 21-23 september.

Vi har glede av å kunne presentere 3 svært originale og sanselege førestellingar som ganske sikkert vil skape begeistring hos både store og små. Det er tre forskjellige førestellingar spesielt produsert med tanke på målgruppa 0-6 år. Frå Danmark kjem «Baby Space», ein installasjon og interaktiv danseperformance, intimt og nært.

Frå førestillinga «Baby Space» av Åben Dans, Danmark. Foto: JWittchen

Nederland stiller med «HiHaHutBuilders» av de Stilte, ei internasjonal suksessførestilling som har fått stor merksemd, og frå Noreg, «Bea og de Andre», ei nyprodusert visuell og musikalsk førestilling. I tillegg kjem Bente Åsheim for å halde animasjonsverkstad, og musikar og komponist Stian Omenås, begge norske kunstnarar med stort nedslagsfelt. Stian Omenås vil i løpet av festivalen gi fleire minikonsertar i form av musikalsk velkomst for alle som kjem og ser førestillingar i Parken Kulturhus i Ålesund.


Frå førestillinga «Bea og de Andre», av Beata Kretovicova Iden og Karstein Solli

Dette er arenaen for å gi dei aller minste barna ei heilt spesiell og magisk oppleving utanom det vanlege. På småkunstfestivalen kan ein sjå og oppleve noko heilt nytt og få erfare at kunst både engasjerer, er morosamt og utfordrande for alle aldra.

Småkunstfestivalen vart arrangert for fyrste gong av SEANSE i samarbeid med Dansens hus i Oslo i 2012. Festivalen kom til med bakgrunn i eit sterkt ønske frå leiarteamet i SEANSE om å kunne tilby kvalitetskunst for dei aller minste, frå 0-6 år. Og ikkje minst for å vidareføre erfaringar og produksjon ut frå det som vart satt i gong på midten av 90-talet gjennom Norsk Kulturråd for å starte ei synliggjering av kunst for denne målgruppa.

Som del av Småkunstfestivalen inngår seminaret Småkunst og sansene, som vil bli arrangert 23. september. Tema for seminaret er sansing og korleis små barn forheld seg til kunsten gjennom sine sansar. Seminaret er aktuelt for alle som arbeidar med barn i alderen 0-6 år.