I dag er du kostymedesignar!

Dordi Strøm

Verkstad – 12-19 år

Korleis går ein eigentleg fram for å utforme eit kostyme eller scenografi til scenekunst eller film? Scenograf og kostymedesignar Dordi Strøm vil gje elevane gjennom sjølvstendige oppgåver og samarbeid med andre, innsikt i scenografen og kostymedesignaren sin tankemåte, verktøy og metodar. For begge går analyse, og kritisk tenking hand i hand med praktisk arbeid, innsikt i handverksteknikkar, materialkunnskap og designprosessar. På opphaldet hjå Seanse har Dordi prøvd ut idear, ulike metodar for overlevering av kunnskap og igangsetting av praktisk arbeid.

Denne produksjonen er ein del av prosjektet «Meir Nynorsk i DKS!» er eit samarbeid mellom Kulturtanken, Vestland fylkeskommune, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. 

Foto: Kristian Glomnes, SEANSE