12 ulike kunstproduksjonar retta mot barn og unge har vore på opphald hjå Seanse

Kunstnarane som kjem til Volda får tid, rom og rettleiing til å utvikle produksjonane sine gjennom vekesopphald hjå Seanse. Dei fleste av sjangrane er representert; teater, dans, musikk, visuell-kunst, foto-verkstad, litteratur og scenekunst.

Seanse nærmar seg 700 kunstnarar som har vore på kunstnaropphald sidan 2004, så dette er eit attraktivt tilbod. Kunstnarar innan alle sjanger og uttrykk kan søkje, og senteret tek imot prosjekt i ulike stadium av utvikling, frå idé til post-produksjon. På opphald hjå Seanse får kunstnarane høve til å utforske, diskutere, utvikle og prøve ut prosjekta sine for andre. Den tverrkunstnariske samansetninga er eit unikt tilbod, og det einaste av sitt slag i Norge.

Gjennom opphaldet får kunstnarane dele arbeidet sitt gjennom ulike fora og ein får tilbakemelding frå dyktige og kompetente rettleiarar, men også frå eit kunstnarkollegium som sit på sine eigne erfaringar, tankar og kompetanse. Føremålet er også å få vist og styrka det kunst– og barnefaglege aspektet til kunstproduksjonane før turnear på scener og arenaer rundt om i Norge. I år har Seanse 38 prosjekt med til saman 77 kunstnarar involvert i dei fire vekene med kunstnaropphald. Seanse sitt hovudmål er å vere ein konstruktiv støttespelar til kvalitetsproduksjonar, kompetanseutvikling og nyskaping i kunst for og med barn, unge og andre. I år vart det gjeve ei særleg oppfordring om å sende søknader knytt til digitale produksjonar, for eksempel innan e-sport/gaming, og kunstproduksjonar retta mot barn og unge med spesielle behov.

Oversikt over produksjonar som har fått innvilga kunstnaropphald ved Seanse sommar/vår 2021:

Arr Jon Erik Myre & Stine Sandnes

DJ/Dancefloor
Andrea Winsnes & Marie Denise Aune Sahba

Av og til misunner
jeg Gullfiskene

Marte Kristine Brustad Melhus, Einar Reynisson Grimsby
& Martin Bergo Selsjord

Flyturen
Tiril Bryn & Saleh Mahfoud

1816
Audun Ellingsen, Wenche Losnegård, Gregor Riddell & Erik Nylander

Muren
Anders Sanzén, Vilde Viktoria Madsen & Anne-Marthe Lund Engnes

Lokes Barn
Synne Marie Lillenes & Karla Suzanne Øfjord

Hellig lek –
leken hellighet

Morten Uglebjerg Norli, Anna Nerdrum Bøgwald & Kristina Farstad Bjørndalen
(Julie Holmegaard Schade DK – med frå Zoom)

Lost Boys
Heiki Riipinen, Kelly Davis, Lars Vik & Lærke Grøntvedt

Absence x Grieg
Piero Issa, Ole Petter Knarvik,  Christopher Cardoso, Alexander Deither Andersen,  Halvard Haldorsen, Christopher Bottolfsen & Andreas Hammersvik

Smykkekunst
 
  Ingvild Kristine Reinton & Josephine Echer

Bare en selfie
  Kristin Aafløy Opdan & Mari Stensvik
Kunstnarar i veke 24 – Kunstnaropphald 2021
Kunstnarar i veke 25 – Kunstnaropphald 2021

Seanses hovudverksemd er å støtte produksjonen av kunst for og med barn og unge, og har sidan 2004 hatt over 350 produksjonar fra alle sjangrar og landsdelar på kunstnaropphald. Seanse dekker reise og opphald, samt honorar for kunstnarar under opphaldet, og det gis kunst- og barnefagleg rettleiing fra Seanses sin stab i Volda. Det er også mogleg med rettleiing fra andre erfarne faglege mentorer innanfor andre fagområde Høgskulen i Volda tilbyr ved behov. Om du gjekk glipp av årets søknadsrunde vil Seanse utlyse nytt opphald til neste år, så hold deg oppdatert gjennom vår nettside og sosiale kanalar. www.seanse.no

Etter mange år med ulike veker har kunstnaropphaldet no fått faste veker, slik at det skal være enkelt å koordinere for Høgskulen i Volda og kunstnarar. Dei faste vekene er no veke 24,25,42 & 43.

Utan om dei vanlege vekene har Seanse fått eit ekstra ekstern oppdrag i veke 32 på vegne av Kulturtanken, Vestland fylkeskommune, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa med namn «Meir nynorsk i DKS!».  

– Berre ein liten del av forslaga DKS mottek er på nynorsk. Det ynskjer vi å endre på! Norske elevar fortener at vi legg ekstra innsats i å få fram prosjekt der nynorsk blir opplevd som relevant for alle elevar. Både dei som har nynorsk som hovudmål og dei som har det som sidemål. Derfor er eg glad for at vi har sett i gang dette prosjektet for å få fleire nynorske prosjekt inn i Den kulturelle skulesekken, seier Øystein Strand, direktør i Kulturtanken.

Vidare seiar artikkelen at «Seanse er ein unik kunstproduksjonsarena som kombinerer opphald, kunstnarisk og pedagogisk rettleiing og testvisning. Prosjekta får med dette opphaldet eit skreddarsydd opplegg som både er individuelt og kollektivt, med moglegheit til å knytte band og nettverk til andre som driv med nynorsk i sine produksjonar.»

Av over 80 produksjonar har sju heldige fått plass på opphald. For å lese meir om dei utvalde kan ein gå hit. https://www.kulturtanken.no/aktuelt/2021/sju-gullbillettar-til-nynorsken/

Bilete frå open scene under kunstnaropphald i veke 24 & 25:

Prosjektet DJ/Dancefloor – Kunstnaropphald 2021 – Foto: Kristian Glomnes 
Prosjektet Arr – Kunstnaropphald 2021 – Foto: Kristian Glomnes

 

Prosjektet Absence x Grieg – Kunstnaropphald 2021 – Foto: Kristian Glomnes 
Prosjektet – Av og til misunner jeg gullfiskene – Kunstnaropphald 2021 – Foto: Kristian Glomnes 
Prosjektet – Bare en selfie – Kunstnaropphald 2021 – Foto: Kristian Glomnes 
Prosjektet Flyturen – Kunstnaropphald 2021 – Foto: Kristian Glomnes 
Prosjektet 1816 – Kunstnaropphold 2021 – Foto: Kristian Glomnes

 

Prosjektet Hellig Lek – Leken Hellighet – Kunstnaropphald 2021 – Foto: Kristian Glomnes

 

Prosjektet Lokes Barn – Kunstnaropphald 2021 – Foto: Kristian Glomnes 
Prosjektet “Lokes Barn” – Kunstnaropphald 2021 – Foto: Kristian Glomnes 
Prosjektet Lokes Barn – Kunstnaropphald 2021 – Foto: Kristian Glomnes 
Prosjektet Lokes Barn – Kunstnaropphald 2021 – Foto: Kristian Glomnes 
Under samtale og tilbakemelding – Kunstnaropphald 2021 – Foto: Kristian Glomnes