Webinar: Kunstnarøkonomi & Sjølvmelding

Sted: Volda, Nett

Webinar om kunstnarøkonomi og sjølvmelding

I samarbeid med Norsk Forfattersentrum Midt-Norge arrangerer vi webinaret;
Kunstnarøkonomi og sjølvmelding.

INFO:
17. april
kl. 12:00 – 14:00 
Kvar: Facebook
Pris: Gratis

Dette arrangementet er dessverre ferdig, men du kan sjå det i si helheit her:

Kopi av presentasjonen til Knut Alfsen kan du laste ned HER

Kopi av presentasjonen til Harald Breivik kan du laste ned HER

PROGRAM

KUNSTNARØKONOMI – gode tips ved Knut Alfsen, styreleiar i Norsk Skodespelarforbund.

Korleis kan kunstnarar sikre at dei betalar riktig skatt og samtidig opparbeider seg rettigheiter til sjukepengar, foreldrepengar og pensjon i slike arbeidssituasjonar?

SJØLVMELDING – postar og utfylling ved advokat Harald Breivik.

Han vil gje ein kort presentasjon av regelverk rundt skatt og gjere greie for:

  • skillnaden mellom lønnstakar og næringsdrivande
  • fradragsmoglegheiter
  • moms
  • foretaksformer
  • næringsoppgåve
  • krav til bokføring

Kurset krev ingen forkunnskapar og det blir høve til å sende inn spørsmål undervegs.

Er du kunstnar og driv for deg sjølv eller har eit lite firma så kan dette webinaret vere til god hjelp når du skal starte på sjølvmeldinga. Open for alle interesserte.

OM BIDAGSYTARANE

Knut Alfsen – er utdanna dukkespiller. Han har mastergrad i teatervitenskap, og har lang erfaring både som utøver og kulturadministrator; bant anna som kulturhusleiar på Nøtterøy Kulturhus og leiar av Ålesund Teaterfestival.  I dag er Alfsen forbundsleiar i Norsk Skuespillerforbund og dagleg leiar i teateret Levende Dukker AS. Han har lang erfaring i å holde kurs, og i å gi råd om dei spesielle regnskapstekniske utfordringane kunstnarar møter når dei vekslar mellom ei rekke kortvarige jobbar – dels som førebels tilsett og dels som (ufrivillig?) næringsdrivande. Harald Breivik Advokat Harald Breivik har spisskompetanse innanfor skatterett og arbeidsrett er en ettertrakta kurshaldar på området. Dei siste 15 åra har han vore fast kurshaldar for både Regnskap Norge AS og Den norske Revisorforening. Breivik engasjerast også regelmessig som kurshaldar for skattemyndigheitene og har ved fleire anledningar haldt kurs for Norges Kemner- og kommunekassererforbund, for Trondheim kemnerkontor og Skatt Sør og Skatt Øst.

Harald Breivik
Advokat Harald Breivik har spisskompetanse innanfor skatterett og arbeidsrett er en ettertrakta kurshaldar på området. Dei siste 15 åra har han vore fast kurshaldar for både Regnskap Norge AS og Den norske Revisorforening. Breivik engasjerast også regelmessig som kurshaldar for skattemyndigheitene og har ved fleire anledningar haldt kurs for Norges Kemner- og kommunekassererforbund, for Trondheim kemnerkontor og Skatt Sør og Skatt Øst.

Arrangør: Seanse – senter for kunstproduksjon
Støtta av: Norsk kulturråd og Norsk Forfattersentrum Midt-Norge.
Illustrasjon: Gard Helset

Webinaret er tilknytt prosjektet LiM – Litteraturformidling som næring i Midt-Norge. Målet med prosjektet er å knyte forfattarar, litteraturformidlarar og arrangørar i regionen tettare til kvarandre og bidra til profesjonalisering. Les meir om prosjektet her: https://www.forfattersentrum.no/600-000-fra-norsk-kulturrad/