KUNSTNARAR I EKSIL

(Bilde frå kunstnaropphald i 2020 med produksjonen GATO/3xhistorias – Kunstnaren Gato i eksil frå Guatamala)

SEANSE INVITERAR KUNSTNARAR I EKSIL TIL Å SØKE KUNSTNAROPPHALD!

Kunstens kraft til å fremme forsoning i konfliktområde er anerkjent fleire plassar i verda. I Nord-Irland har Bogside-kunstnarane laga ein serie veggmalerier som skildrar historia til konflikten mellom protestantar og katolikkar og krevjar ein slutt på vold og åtskiljing. I Rwanda er Kigali folkemordsminnesmerke vertskap for en utstilling med kunst og gjenstandar som minnast folkemordet i 1994 for å fremje fred og einskap.

Kunst har til alle tider vore nytta som eit kraftig verktøy for å gje uttrykk for meiningar, kjensler og lindring. I konfliktområde, kor menneskjer ofte blir utsett for traume, vald og forskyving, kan kunst spele ei viktig rolle for å fremmje forståing og forsoning. Kunst kan føre menneskjer saman, øke tverrkulturell forståing og gi rom for dialog og refleksjon. Ved å engasjere seg med lokalbefolkninga, skape nye verk samt fortelje si historie kan kunstnaren fremme kreativitet, empati og sosial endring.

I 2020 tok Seanse i mot produksjonen GATO alias 3xHistorias som fortell om hans reise som kunstnar til eksil. Kvifor kjenner nokon av verdas farlegast gjengar seg trua av noko so tilsynelatande harmlaust som breakdance? GATO fortel og viser oss flukt, fattigdom og frykt, men også kunst, håp og styrke. Gjennom forteljing, film og dans får vi innsikt i korleis verden kan være, med stikkord som fattigdom, landegrenser, undertrykking, bistand, godgjerd, solidaritet, kunst og kultur.

Seanse – senter for kunstproduksjon anerkjenn betydninga av kunst i konfliktsonar. Seanse tek imot kunstnarar frå heile verda på kunstnaropphald, og dei får rom og tid til å skape og uttrykkje seg. Gjennom sitt arbeid kan desse kunstnarane bidra til å skape ein kjensle av identitet og formål, samt fremme forståing og forsoning mellom ulike miljø. Kunstnaropphaldet er ope for kunstnarar frå alle kunstformer. I år har vi i tillegg ei oppfordring til kunstnarar i eksil om å søkje. Kunsten kan ikkje løyse alle problem i konfliktsoner, men den spelar ei viktig rolle. Ved å støtte initiativ som bruker kunst som et middel for tilknyting og kommunikasjon, kan vi bidra til å skape ei meir fredeleg og rettferdig verd.

Seanse er ein nasjonal og internasjonal utviklingsarena og møteplass for kunstproduksjon, og er det einaste senteret i landet som har tilbod om kunstnaropphald for prosjekt innan alle kunstsjangrar. Både enkeltkunstnarar og grupper kan søke opphald. Til saman får om lag 20-25 kunstprosjekt innvilga opphald kvart år.

Frist for søking er 1. mars. For meir info gå til kunstneropphald