Skit eller kanel

Kim Helge Strømmen & Jon Erik Myre

Scenekunst – 13-16 år

«Skit eller kanel» skal verte eit scenisk formidlingstilbod for ungdomstrinnet der journalistikk, medieforståing og kjeldekritikk er tema. Gjennom opphaldet på Seanse har Jon Erik Myre og Kim Helge Strømmen undersøkt korleis dei som skodespelarar med forskjellige strategiar kan belyse og iscenesetja  korleis falske nyheiter og falsk informasjon blir handtert av målgruppa. Med framsyninga ønskjer duoen å styrke kjelde-kritisk tenking og skape bevisstgjering og engasjement.

Framsyninga tek utgangspunkt i det kjende radioteateret «Klodens kamp» før dei ser på problemstillingane i vår eiga samtid.

Denne produksjonen er ein del av prosjektet «Meir Nynorsk i DKS!» er eit samarbeid mellom SEANSE, Kulturtanken, Vestland fylkeskommune, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.