Struktur

Solveig Styve Holte og Bente Alice Westgård

Dans. Videregående skole.

Prosjektet undersøkjer omgrepet struktur. Ved å definere kropp, rørsle, rom og lyd som strukturar, utforskast det korleis desse kan setjast i bevegelige bilete i relasjon til kvarandre. Målsetjinga med prosjektet er å utvikle ei framsyning for tre dansarar og ein musikar der eit abstrakt materiale vert sett i poetiske tablå. Framsyninga vil vere ei kunstoppleving som vektlegg publikum si evne til å skape meining gjennom eigne assosiasjonar og historier knytta til det dei ser.

Forestillinga hadde premiere 3. juni 2010 ved Teatret Vårt i Molde.