Schismogenesis

Tony Tran, Antero Hein og Maja Hannisdal

Dans

I danseførestillinga Schismogenesis møter vi to karakterar som gjennom dansen uttrykkjer ulike former for makt og avmakt. Forhaldet mellom dei to karakterane er tydeleg i ubalanse. Ei kjensle av ubehag melder seg raskt hos publikum. Tankar om undertrykking og maktbruk dukkar opp. Forestillinga søker å ta i bruk verkemiddel som lys og skugge, saman med musikk komponert for førestillinga. Uttrykket er fysisk, ærleg og nakent.  Scenografien, saman med lyseffekter gir i delar av førestillinga assosiasjonar til høge gjerder. Nokon er sperra inne, eller kanskje satt i fengsel?

Fins det håp? Vil den svake reise seg? Det er mange spørsmål som dukkar opp i møte med førestillinga Schismogenesis.

Begrepet schismogenesis kan i korte trekk skildrast som sosial åtferd  mellom individ, som skaper avstand og maktubalanse  – dominans og undertrykking.