REK

Anna Gjendem, Mathilde Øverland, Jo Einar Sterten Jansen og Hilde Fjerdingøy

Folkedans

Midt på golvet står musikarar og dansarar rygg mot rygg og søv. Det er iallefall det vi som publikum får inntrykk av. Men så snart vi har fått satt oss og stillheita har senka seg, så tek det til å skje ting.  Sakte bevegar dei seg rundt, medan toradaren tek til å puste. Etter kvart våknar både instrument, musikarar og dansarar til live og på golvet framfor publikum utspelar det seg etter kvart både leiken folkedans og musikalske uttrykk. Det er både vakkert og poetisk, der utøvarane vekslar mellom dansen og musikken og innimellom vert det heilt stille. Alt vi høyrer då er stega og trinna til springaren, før musikken på ny blandar seg inn i uttrykket.

REK er ein dansekonsert der musikken og dansen får like stor plass. Utøvarane bruker heile rommet i framføringa. Publikum kjem nær utøvarane og det er vanskeleg å ikkje verte dregen inn i førestillinga. Leik og spontanitet er ein naturleg del av tradisjonane i både folkedans og folkemusikk, noko som også er framtredande i uttrykket til førestillinga REK. Hildur dansekompani er ei gruppe beståande av to musikarar og to dansarar, Anna Gjendem, Mathilde Øverland, Jo Einar Sterten Jansen og Hilde Fjerdingøy.

Hildur dansekompani