Ravn

Torunn Wold, Paulo Serantes, Caroline Støyva Eriksen, Annika Vestel, Sara Enger Larsen

Ravna har vore brukt som symbolikk til ulike tider og i ulike kulturar, gjerne i historier der motsetningar spelar ei viktig rolle. I denne kunstproduksjonen vil tre dansarar og ein cellist samarbeide om å tolke ravna sine rørsler og temperament. Kva slags eigenskapar har ravna? Kva assosiasjonar får vi når vi tenker på ravna? Wold vel å setje fokus på temaet manipulasjon og maktforhold. Ein søker i produksjonen å gjere narr av den som manipulerer, i tillegg til den manipulerte sin redsel for å tape ansikt.  Publikum får sjå ei utvikling av dei ulike karakterane, der det gjennom dansens uttrykk vert formidla kva kraft og temperament som må til for at undertrykking skal verte til vilje og for at styrke kan føre til endring.