Pakken

Inger Gundersen, Charlotte Grundt, Knut Steen, Hedda Munthe og Dag H. Engebråten

Teater

Kva er rettferdig? Denne teaterproduksjonen seier noko om den skeive fordelinga av ressursar i verda, og publikum er dei som skal forvalte det vidare – barna våre.

Barn er veldig opptatt av rettferd. Dei vil at alt skal delast likt; glaset med saft, godteposen, kven som gjer minst eller mest, eller kven som skal vere først. Teater Spillebrikkene ynskjer at barna skal kjenne igjen problemstillingane om rettferd gjennom førestillinga, og at dei kan reflektere over rettferd i sin eigen kvardag. Korleis deler eg med andre? Kva gjer eg for at andre skal ha det bra? Og korleis gjer dei vaksne det når dei deler med kvarandre? Er dei alltid rettferdige?

Å utvikle empati er ein viktig del av det å vekse opp, og kanskje spesielt i verda slik ho er no, med fattigdom, svolt, krig og frykt. Med «Pakken» formidlar Teater Spillebrikkene det komplekse temaet rettferd på ein måte som borna kjenner seg att i. Framsyninga vekker empati og medkjensle, og ikkje minst får borna kjennskap til at rettferd er meir enn å dele ein sjokolade heilt likt. Kanskje det til og med vert planta eit lite ynskje om å endre verda?

Teater Spillebrikkene