Oxytrain

MovingMoment –Nina Biong og Katja Schia

Dans – teater

Ordet hormon betyr å vekke eller sette i rørsle, og hormon er utgangspunktet for førestillinga Oxytrain. Korleis aukar produksjonen av oxytocin , testosteron og endorfinar, og kva gjer dette med oss? Den eine av karakterane er iført ei drakt som er i grenseland mellom kropp og ei formlaus masse. Kva er denne tingen, dette vesenet?

Gennom utforsking av eit fysiske uttrykk vil MovingMoment gje informasjon til ungdomar om korleis ulike hormon verkar i kroppen og korleis rørsle kan påverke sinnstemninga vår positivt. Dansen og rørslene til den formlause skapningen gir assosiasjonar til noko framand, men samstundes noko vi likevel kan kjenne oss att i.