Musikkdetektivens magiske mikrofon

Halvard Bjørkås

Musikk

Musikkdetektiven har heldt solokonsertar sidan 2013. No har han laga nytt show der han leikande forskar etter lydar i kvardagslege ting og tek med seg born på ei spennande leiting etter musikk. Kan ein hageslange verte ei fløyte? Kan ei tom boks lage kule lydar? Når musikkdetektiven set saman desse ledetrådane som lydane er, vert det til musikk – rar, spennande og heilt ny musikk.

Med undring og utforsking løfter Musikkdetektiven fram born sin kreativitet og viser dei at det å lage musikk faktisk kan vere ganske lett.

 

Musikkdetektiven