Lydforskerne

Vilde Sandve Alnæs og Inga Margrete Aas

Samtidsmusikk

Vilde og Inga vil vekke barn si nysgjerrige merksemd mot lydar, både kvardagslege og i musikken. Dei spelar fiolin og kontrabass, og gjer eit poeng ut av ulikheita til desse to instrumenta. Improvisert samtidsmusikk og lydleik gjev rom for samhandling med borna, og det vert brukt humor og undring i framføringa. Lydforskerne har eit lydbibliotek der dei samlar på lydar, noko dei bruker som ein raud tråd gjennom konserten.

Denne førestillinga er tenkt for born i alderen 3-8 år

Nettside Vilde&Inga