Le og les!

Frøydis Flotve og Ingeborg Stige

Litteraturformidling

Prosjektleiar og teaterkonsulent Frøydis Flotve og klovn og formidlar Ingeborg Stige har på initiativ frå forfattaren Erna Osland laga eit formidlingsprogram med utgangspunkt i Oslands fagbok «He-he! Ei bok om den livsviktige latteren» som blei gitt ut våren 2016 på Samlaget.

Prosjektet har som mål å få barn til å bli kjent med ny sakprosa. Prosjektet ønskjer å imøtekome etterspurnad etter sakprosa i skulen, både når det gjeld formidling og skriverettleiing.  Den grunnleggjande ideen i formidlinga av «Le og Les!» er å skape eit møte mellom klovnen og elevane i ein klasseromssituasjon, der ein i- og utanfor fiksjon utforskar latteren, etterfølgt av eit skriveprogram utvikla av Osland saman med Liv Kristin Bjørlykke ved Nynorsksenteret. Prosjektet går nye vegar for å auke lesegleda og gi kunnskap om eit viktig tema.

Målet er å skape engasjement og gi barn kunnskap om seg sjølve. Utforske fenomenet latter, underleggjere og leite fram sin indre klovn. Latter kan vere ein døropnar og er eit av dei få fenomen i verda som kan knyte saman alle uavhengig av bakgrunn og språk.

 

Meir om boka kan du lese her:  HE-HE! EI BOK OM DEN LIVSVIKTIGE LATTEREN

Framsyning i Loddefjord   «He, he! Eg ler meg i hel» ved Bergen Offentlige Bibliotek avdeling Loddefjord 24.09.2016 fra 11:00-11:30

 

DSC_0536