Kua og subjektet

Terese Longva og Harald Dyrkorn

Verkstad

Prosjektet Kua og subjektet vil sjå på utviklinga av den sosiale subjektiviteten med utgangspunkt i Norsk Raudt Fe. Problematiseringa vil skje rundt spørsmåla: kva(r) er ei ku, kva(r) er eit menneske og korleis endrar subjektet seg? NRF-kua er ei samanstilling av ulike aktørar som utgjer eit nettverk. Terese og Harald bruker kua og nettverket som skapte ho til å tenkje seg korleis nettverk rundt oss ”skaper” oss. Eit individ er ikkje berre eit sjølvstendig subjekt, men eit samspel. Eg er ikkje berre meg, men ein del av noko anna – ein assamblage (Deleuze). Kan vi få nokon til å sanse at dei er ein del av ei ku, eller at kua er ein del av dei?

Prosjektet har som mål å bli ei eller fleire utstillingar, ein publikasjon, to seminar og ein DKS-produksjon.