Kaja Duo Kaja

Kaja Constance Rogers og Kaja Fjellberg Pettersen

Klassisk musikk

Bakgrunnen for prosjektet er kunstnarane sitt ønskje om å gje barn eit nært møte med klassisk musikk. Kaja Constance Rogers og Kaja Fjellberg Pettersen er tilstades i rommet på ein direkte og tillitsvekkjande måte. Repertoaret dei har valgt å framføre består av seks ulike delar, som vekslar mellom ulike stemningar, rytmer og intensitet. Uttrykket har ein nerve som lett fangar publikums merksemd og fengslar dei gjennom heile konserten.