Hallo, møt Snabel

Chriss Therese Gjerde Granberg, Bendik S. Nordgaard, Jock Maitland, Eric J. Zimmerman

Figurteater

«Hallo, møt Snabel» er ei figurteaterførestelling av Trunk og Egg Teaterkompani med utgangspunkt i dukkeføring og fysisk teater. Trunks er vesen frå det ytre rom. Dei er også lampeskjermar frå Ikea, som magisk kjem til liv gjennom enkel manipulasjon frå skodespelarane, som for publikum brått vert usynlege og like brått er synlege att. Trunks er enkle og små, men saman kan dei verte så mykje meir. Plutseleg har dei form som ei kvinne, som vert ein utmerka dansepartnar for den triste og deprimerte klovnen, der dei smeltar saman i ein uendeleg god klem. Denne non-verbale figurteaterførestellinga nyttar både humor og kløkt og tek publikum med inn i ei fantasiverd der alt er muleg med desse utanomjordiske lampe-skapningane.

 

Trunk and Egg Theatre Company