HAIKU

Stian Omenås, Karin Augusta Nogva og Endre Ruset

Performance

 

Karin Augusta Nogva, Stian Omenås og Endre Ruset har det til felles at dei alle har latt seg inspirere av japansk kultur. Dei er opptekne av ritual, det estetiske og sanselege, og det å gje publikum ei kjensle av ro. Saman har dei skapt førestillinga Haiku, inspirert av den japanske te-seremonien.  Kunstnarane vekslar mellom diktlesing, musikk med austleg klang og servering av te basert på sjølvplukka blåbærlyng eller krekling. Som publikum får vi ta del i dette ritualet der alle til slutt får servert ein kopp te, som vi skal drikke saman. Med utgongspunkt i det moderne mennesket sin hektiske kvardag søkjer kunstnarane å gi publikum ei oppleving av eit kunstnerisk rom til ro og ettertanke.