Iridal

Ann Sofie Godø, Jan Martin Gismervik, Fredrik Rasten og Natali Abrahamsen Garner

Samtidsmusikk og lysinnstallasjon

Iridal er synonymt for regnboge, og er vald som tematisk utgangspunkt for prosjektet. Regnbogen er eit symbollada naturfenomen og representerer ein geometrisk-romleg orden i eit bevegeleg kaos. Tittelen er vald med bakgrunn i elementa kunstnarane vil jobbe med; frekvensar, intensitet, fargar, atmosfærar og fysiologisk respons.

I denne konserten møter vi samtidsmusikk skapt av Jan Martin Gismervik, Fredrik Rasten og Natali Abrahamsen Garner, som nyttar song, gitar og trommer i sitt kunstneriske uttrykk. I tillegg har Ann Sofie Godø skapt lysinstallasjonar som komplementerer det musikalske uttrykket. Lydane er framande, det er mørkt i romet og som publikum vert vi utfordra i møte med disse nye sanseinntrykka, som lett fangar oss og tek oss med inn i fantasiens verden. Målet med konserten er å gi publikum ei minneverdig kunstnerisk oppleving, opne opp for undring over kva musikk kan vere og ta publikum med på ei reise i fantasien.

Musikken er enkel og delvis improvisert, men likevel innhaldsrik og stemningsfull.