Festen

Nina Lill Svendsen, Christer Tornell, Trude Leirpoll, Erlend Rolvsjord, Quyen Nguyen

Dans

Kva skjer når ungdom er på fest? I «Festen» utspelar det seg eit tenkt scenario på ein ungdomsfest, basert på ungdomars eigne forteljingar om festing.  Gjennom samtalar med ungdom omkring festen som tema, har Nina Lill Svendsen og Christer Thornell, i samarbeid med ungdomar frå Ode Ung, utvikla ei danseførestelling som synleggjer og problematiserer utfordringar ungdom i dag møter når dei går på fest. Viktige tema som rus, gruppepress og overgrep vert syneleggjort gjennom dans med ungdomsfesten som bakteppe. Dansarane dreg publikum med inn i festlokalet, der dei leverer ei truverdig og sterk skildring av eit hendelsesforløp, som mange kan kjenne seg att i. Festen eskalerer og fleire av karakterane vert utfordra i situasjonar der dei må ta vanskelege val.

 

Ode Ung