Ein nordmann likar ikkje å vera våpenlaus

Per Magnus Finnanger, Per Olav Hoff Mydske og André Jarnvig Jensen

Rap-lyrikk

«Ein nordmann likar ikkje å vera våpenlaus, rett nok sett han ikkje att øksi i kyrkjedøri, men han ber endå sverdet under kappa: ordet,» skriver Olav H. Hauge i dagboka, 2. november 1951. Denne dagen har han mottatt den første utgåva av si eiga diktsamling, Under bergfallet. Han er ikkje fornøgd verken med seg sjølv eller arbeidet sitt, og denne dagen tenkjer han mykje på kva lyrikk er og kva det kan vere. Han skriv om korleis det er å levere frå seg dikta sine og stille seg lageleg til for hogg.

Forestillinga «Ein nordmann likar ikkje å vera våpenlaus» dykkar inn i dette mangfaldet av kva lyrikk kan vere. Tvilen i det å utlevere seg sjølv er noko ungdom, rapparar og kjente poetar har til felles. Gjennom å nytte rap, dikt og teikneseriar undersøkjer utøvarane og elevane saman kva lyrikk kan seie om dei som har skrive det, og kanskje om dei sjølv. Målet med denne produksjonen er å presentere lyrikken røffare, hardare og nærare røyndomen enn det publikum er vande med.

Per Olav Hoff Mydske og André Jarnvig Jensen er føregangspersonar i det norskspråklege rapmiljøet. Dei er særleg sentrale i rapbattle-miljøet, der utøverane konkurrerer i å utlevere seg sjølv og andre gjennom å forberede og improvisere tekst, form og rytme. Berre ved å delta stiller dei seg lageleg til for hogg.

 

Olav H. Hauge-senteret er ei avdeling under Nynorsk kultursentrum. Hauge-senteret arbeider med formidling av lyrikk i alle former på tvers av språkgrenser, og ynskjer å auke bevisstgjeringa omkring lyrikk, språk og identitet, og vil slik vere med å kvalitetssikre at formidlingsprogrammet held høg fagleg og pedagogisk kvalitet.