Do not feed the trolls

Oda K Nyfløtt, Jo Even Bjørke og Vincent Vernerie

Teater

Do Not Feed the Trolls er ei ny teaterforestilling som tar for seg råskapen, kynismen og sadismen hos moderne internettroll. Kiki Kannibal er aliaset til ei amerikansk tenåringsjente som over natta blei til ein web­celebritet gjennom det sosiale nettverket Myspace i 2006. Kirsten Ostrenga, som er hennar eigentlege namn, har i løpet av dei siste ni åra opparbeida seg ei enorm gruppe av fans og tilhengarar ­ men òg ei minst like stor gruppe av troll og hatarar. Med denne sanne historia ynskjer kompaniet å sette lys på korleis kommunikasjonen mellom menneske drastisk forandrast når ein har ei anonym maske å gøyme seg bak.

“She had yet to understand what a lot of us don’t comprehend: that our virtual lives can take
on their own momentum, rippling out of outward with real life consequences we can neither
predict nor control.”
(frå “The Girl Who Played With Fire”, Sabrina R. Erdely, Rolling Stone Magazine)

Fascinert av opphavet til begrepet “internettroll” byrja kompaniet å gå gjennom norske folkeeventyr som skildrar møte med troll. I dette stykket ynskjer dei å sjå på parallellane mellom dei klassiske trolla og dei moderne, skjulte trolla. Eventyra tar for seg farane som oppstår i det ein forlet heimens trygge veggar og ferdast inn i det ukjente. Kva for farar kan vi treffe på idag? Og kva for troll må vi kjempe? Oppvekst er eit sentralt tema i stykket, då unge i dag er eksponert for nye farar ­ i sitt eige soverom. Skillelinja mellom heime og verda utanfor viskast ut av internett. Frå soverommet sitt prøver Kirsten å nå ut til andre menneske, men oppdagar at trolla bankar på hennar eiga dør. Dei mange venene ho har på dei sosiale media blir ei falsk erstatning for manglande vener i sitt verkelege liv. Det som i byrjinga opplevast som eit popularitetsspel forvandlast på kort tid til ei brutal verkelegheit.

“Excited by her new popularity, Kiki accepted everyone. Each time she logged on, more friend requests were waiting. “It was kinda like a video game, I didn’t see it as real people, more like
as a number.”
(frå “The Girl Who Played With Fire”)

Kan vi relatere oss til og forstå den som sjikanerar? The Krumple theater company er interesserte i mekanismane i oss som gjer at vi tillet oss å angripe fremmede menneske på internett. Fråveret av fysisk kontakt og anonymitet muliggjer kanskje hatefulle ytringer og sjikane som ein ellers ikkje ville ha sagt. Særleg profilerte kvinner, som journalistar og politikarar, blir utsett for netthets og truslar.
Kirsten er eit godt eksempel på ei som skil seg ut frå mengda, og som blir straffa for dette. Identitet og sjølvbilete er óg sentrale tema i Do Not Feed the Trolls. Sosiale media gjer det mogleg å framstille identiteten sin som ein sjølv ynskjer. Kirsten søker anerkjenning og aksept gjennom Kiki Kannibal som ho ikkje har i sitt verkelege liv. Virtuell identitet er flytande og gjer det lettare å hoppe frå ei rolle til ei anna. Historia rundt Kiki Kannibal er mørk og alvorstung, men Do not feed the trolls ynskjer å nytte humor som inngangsdør for å snakke om tema i stykket.

 http://thekrumple.com/do-not-feed-the-trolls/