Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen

Ingunn Røyset

Litteraturformidling/dramatiserin

Som forfattar ønskjer Ingunn Røyset å formidle både litterære og historiske kvalitetar gjennom boka si «Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen». Boka er ei tidsreise tilbake til andre verdskrigen, der ei jente av i dag vaknar opp i januar 1945.  Og må takle rolla som si eiga mormor då ho var lita.

Ingunn tek borna med i denne  tidsreisa gjennom opplesing, forteljing, dramatisering, deling av historier og ved hjelp av ulike gjenstandar  frå andre verdskrigen. Og kanskje litt sjokoladepålegg?

Som forfattar og formidlar, bidreg ho med dramatisering, forteljing og opplesing. Borna får delta med forteljing av eigne historier frå krigen som dei kanskje kjenner frå sine oldeforeldre eller besteforeldre.

http://www.nynorskbok.no/2014/12/08/ingunn-royset-dei-et-ikkje-sjokoladepalegg-i-krigen/