Author Archives: Rita Slotterøy

Kunstnarlærarstudentar gjennomførte 2. samling

Denne veka møttes studentane i studieemnet Kunstnarlærar ved Høgskulen i Volda, for å lære meir om kva det vil seie å vere ein kunstnarlærar.

Studentane jobba med utvikling av sine kunstprogram. Dei pitcha ideane sine til kvarandre og diskuterte i grupper rundt ulike problemstillingar knytt til det å vere utøvande kunstnar i ulike samfunnsinstitusjonar. Dei var med på forelesingar der ein lærer korleis ein samarbeidar om og utviklar eit kunstprogram saman med ein partner i ein institusjon.

Studentane delte sine erfaringar frå 1. samling i Edinburgh i august, der alle fekk i oppgåve å intervjue ein teaching artist som deltok på konferansen ITAC3. Dei fikk høyre om erfaringar frå Seanse sitt Kunstprogram 2015, ein pilot der ti kunstnarar i ulike partnerskap gjennomførte fem kunstprogram ved forskjellige skular rundt om i Norge. Piloten strakte seg over ei periode på rundt eit år.

Korleis er det å vere kunstnar og jobbe i ein skule, på ein aldersheim eller i eit fengsel? Kva kompetansar treng ein for å skape gode kunstmøter? Og kven er du som kunstnarlærar? Det vart gjennomført fleire forelesingar knytt til temaet kunstnarlærar. Studentane samtala i grupper og i plenum, og dei måtte reflektere rundt ulike spørsmål som Kven er eg som kunstnarlærar? Kva inspirerar meg? Kva brenn eg for? Og kva ønsker eg med mitt kunstprogram?

 

dsc_0101dsc_0097dsc_0115dsc_0122

 

Karstein Solli i nytt faglig utvalg i Norsk Kulturråd

Karstein Solli, kunstnerisk leder av Seanse – senter for kunstproduksjon ved Høgskulen i Volda er oppnevnt som medlem i nytt faglig utvalg for dans i Norsk Kulturråd.

Oppnevningen gjelder for perioden 2016-2017.

Fagutvalgene under Norsk kulturråd har som hovedoppgave å behandle søknader til støtteordninger under Norsk kulturfond, og bistår også rådet med å vurdere og utvikle disse ordningene. Faglig utvalg for dans behandler søknader til produksjon og virksomhetsstøtte gjennom Støtteordningen for fri scenekunst- dans, Basisfinansieringen av frie scenekunstgrupper og Regionale kompetansesentra for dans. Utvalgets sammensetning skal sikre bredde og spisskompetanse innen ulike kunstuttrykk, og skal samlet ha en helhetlig oversikt over feltet.

Utvalget består for øvrig av medlemme: – Arne Fagerholt (leder av utvalget), Torunn Helene Robstad, Anne Margrete Fiskvik, Karl-Erik Nedregaard og Irene Vesterhus Theisen.

Kunstnarlærarstudentar til Skottland for å lære om teaching artistry

3.- 5. august gikk den tredje internasjonale Teaching Artist konferansen av stabelen i Edinburgh. “Best, next and radical practice in participatory arts” 

August månad i Edinburgh syder av liv med kunstfestivalen The Fringe, The Royal Edinburgh Military Tattoo, Edinburgh Art Festival og International Festival.  Midt i denne kreative festivalstemninga hadde Voldastudentane si fyrste fellessamling i studieemnet Kunstnarlærar.  ITAC3 konferansen omhandla viktige spørsmål knytt til deltakande kunstpraksis. Konferansen bestod av praktiske verkstadar, plenumsforedrag, seminar og debattar. Ein Teaching Artist – kunstnarlærar – er ein profesjonell kunstnar som jobbar med og gjennom kunst i skular eller andre samfunnsinstitusjonar.

Den internasjonale konferansen gav studentane ei unik mulegheit til å få nye kunnskapar og forståing for feltet, der 220 deletakarar frå 18 ulike nasjonar var til stades. Kunstnarar, organisasjonar og forskarar frå heile verda samlast for å dele erfaringar og kunnskap og for å lære av kvarandre. Studentane frå Volda fekk høyre om korleis kunstnarar i andre delar av verda jobbar i partnerskap med ulike samfunnsinstitusjonar, og dei fekk delta i ulike verkstadar der dei sjølve kunne vere praktiserande. Ein viktig del av studiet vil bli å lage eit slikt kunstprogram, der dei skal samarbeide med ein institusjon og gjennomføre dette i løpet av haustsemesteret.

2011-02-25 15.49.26
Marit Ulvund ønsker velkommen. Foto: Rita Slotterøy

SEANSE – SENTER FOR KUNSTPRODUKSJON,  EIN AV GRUNNLEGGARANE AV DET INTERNASJONALE TEACHING ARTIST NETTVERKET

Marit Ulvund, frå Seanse ved Høgskulen i Volda, er ein av grunnleggarane av ITAC og var med å organisere og leie den fyrste konferansen, ITAC1, som vart heldt i Oslo i 2012. ITAC2 vart heldt i Brisbane i 2014, og ITAC4 er planlagt gjennomført i New York i 2018. I tillegg til å vere med å ønske velkomen i Edinburgh, heldt Ulvund eit innlegg om TAG Exchange, Teaching Artist Global Exchange Program, saman med Jean E. Taylor, frå Lincoln Center, NY. TAG Exchange vart valt som mest spennande idé for ny satsing på ITAC2 i Brisbane 2014. Ideen vart utvikla av Seanse saman med Lincoln Center Education.

I april i år hadde Seanse gleda av å ta imot den aller fyrste kunstnaren til Norge, på utveksling gjennom TAG Exchange. Kunstnaren Jean E. Taylor besøkte under si utveksling, Volda, Bergen og Oslo, for å lære meir om måten kunstnarar og kunstorganisasjonar i Norge jobbar med kunst inn imot ulike institusjonar. I juli i år reiste den norske kunstnaren Mads Buer, på utveksling til NY, der han var gjest hos Lincoln Center Education. Disse erfaringane vart presentert og delt med deltakarane på ITAC3 konferansen i Edinburgh.

2011-02-26 13.58.07
Mads Buer, Jean E. Taylor og Marit Ulvunds presenterer TAG Exchange. Foto: Rita Slotterøy

Creative Scotland er vertsorganisasjonen av ITAC3 konferansen i august 2016, i samarbeid med Paul Hamlyn Foundation, ArtWorks Alliance, saman med konferansen sine tidlegare vertar og grunnleggarar; Eric Booth, Marit Ulvund, Brad Haseman og Judith McLean.

2011-02-26 15.31.10
Arkitekturverkstad, der alle deltakarane kunne vere med å bygge. Foto: Rita Slotterøy

 

 

 

 

 

Kunstnaropphald 2016

I år vil 66 kunstnarar reise til Volda for å delta på kunstnaropphald. Til saman involverer dette 20 ulike kunstproduksjonar av svært høg kvalitet.

Seanse – senter for kunstproduksjon, ved høgskulen i Volda, arbeidar for å styrke kvalitet i kunst for barn og unge, og for utvikling av kunstprogram i barnehage, skule og andre samfunnsinstitusjonar. Seanse er finansiert av Høgskulen i Volda, Møre og Romsdal fylke, Kunnskapsdepartementet og Norsk kulturråd.

ERFARNE KUNSTNARAR

Seanse mottok i år 50 søknadar til årets kunstnaropphald, som avviklast i juni og oktober 2016. Søknadane bestod av kunstproduksjonar innanfor musikk, teater, dans, litteratur og visuell kunst i tillegg til tverrkunstnariske produksjonar. Fleire av kunstnarane har mange års erfaring og har vore med å turnert rundt om i Norges land i regi av Den Kulturelle Skolesekken (den nye Kulturtanken). Seanse dekker reise og opphald, samt honorar for alle kunstnarane under kunstnaropphald, og det gis kunst- og barnefagleg rettleiing frå Seanses leiarteam i Volda.

Kunstnarar innan alle sjanger og uttrykk kan søke om arbeidsopphald hos Seanse. Vi tek imot prosjekt i alle stadia av utvikling, frå idé til post-produksjon. Den sjangeren vi mottek flest søknadar frå kvart år er teater, men det kan sjå ut som om produksjonar med fokus på formidling av litteratur er aukande. Av produksjonar som involverer dans, er det i år både folkedans, samtidsdans, jazzdans og andre urbane danseuttrykk representert. Christer Tornell, kjent som dommar i «Skal vi danse», deltek saman med Nina Lill Svendsen og ungdomar for å utvikle produksjonen «Festen».

TEK OPP VANSKELEGE TEMA

Ein tendens vi ser er også at fleire produksjonar søker å involvere publikum til å vere aktivt deltakande aktørar og ikkje berre tilskodarar. I tillegg har vi i år fått fleire søknadar enn tidlegare frå kunstnarar tilknytta ulike museum, institusjonar og organisasjonar som jobbar med ulike produksjonar retta mot barn og unge. Av desse kan vi mellom anna nemne Olav H. Hauge-senteret,  Sølvberget, Stavanger kulturhus, Mjøsmuseet, Ishavsmuseet «Aarvak», og organisasjonane Vaksne for Barn (VfB) og Landsforeningen for selvmord og selvskading (LFSS).

Kompani Lerkefalk er ein av dei som har fått innvilga opphald ved Seanse i år, der dei vil ta for seg vanskelege tema som angst, ungdomsdepresjon, sjølvskading og sjølvmord. Tidlegare har dei turnert rundt om i Norge med produksjonen «Jeg er bar Ida», for 10. klasse og vidaregåande skule, ein produksjon som handlar om mobbing, kjærestevold, vold i nære relasjonar og seksuelle krenkelsar. «Jeg er bar Ida» har sidan premieren i januar 2014 spelt rundt 130 gongar for ungdom, og fått svært gode tilbakemeldingar. Dei turnerar saman med organisasjonen Stiftelsen Tryggere, som held workshops og samtalar med ungdomane i etterkant av kvar førestilling.

PALESTINSKE KUNSTNARAR

Blant kunstproduksjonane i år er det fire grupper frå Ramallah, som kjem til Norge for å jobbe med sine produksjonar for barn og unge. Sareyyet Ramallah – First Ramallah Group (PS) er ein av dei største kulturaktørane i Palestina. I 2014 mottok Sareyyet Ramallah 3-årig prosjektstøtte frå det Norske representasjonskontoret til palestinske myndigheiter (NRO)/ UD for å styrke og vidareutvikle arbeidet dei alt gjer med dans i Palestina. Siljeholm/Christophersen (NO) er hovedpartnar i dette arbeidet. Målet er å skape ei uavhengig dansescene, gjennom å generere forskjellige aktivitetar og prosjekt, som prøver å tenke Palestina under eitt, uavhengig av okkupasjonen. I 2016 er fokuset spesielt retta mot barn og unge, og det vil bli skapt 4 produksjonar for eit ungt publikum, signert fire ulike palestinske kunstnarar/grupper. Premierene vil finne stad i august, i Hebron, Jerusalem, Jenin og Ramallah.

Om du gikk glipp av årets søknadsrunde vil Seanse lyse ut nye opphald. Følg med på våre sider www.seanse.no​  og på https://www.facebook.com/SeanseArtCenter

(Foto: Rita Slotterøy. Kunstnaropphald 2015. Hrafnhildur Einarsdóttir, Emelie Wångstedt og Martina Francone i danseproduksjonen Recycling the past.)

Oversikt over dei som har fått innvilga kunstnaropphald ved Seanse – senter for kunstproduksjon i 2016 finn du her:

Lygarkveld med berre sanne historier
Wilhelm Støylen
Astrid Elise Sæterøy

Alle har så mye
Kari Saanum
Øystein Ulsberg Brager
Khalid Mahamoud
Eline Sørbøe Opsahl

Unbearable facts
Liv Dysthe Sønderland

Le og les
Frøydis Flotve
Ingeborg Stige

Palestine Dance Meetings – youth edition
Helle Siljeholm
Sara Christophersen
Helena Krinal
Sinan Mansour
Hiba Harash
Jumana Dabis
Riham Isaac
Fairouze Nastas

Ein nordmann skal ikkje vera våpenlaus
Andre Jarnvig Jensen
Per Olav Hoff Mydske
Per Magnus F. Sandsmark

Piggsveis
Kristine Myhre Tunheim
Jenny Svensson
Lina Killingdalen
Morten Røsrud
Jonas Delerud

Å falle av verden
Thale Tornes
Linn M. Kongshavn
Katja Henriksen Schia
+ skuespiller nr 2

Reven og Ulven
Line Starheimsæter
Ellen Andreassen
Hildur Kristinsdottir
Nelly Winterhalder

Skap et rom om til et fotografi!
Werner Anderson

REK
Anna Gjendem
Mathilde Øverland
Jo Einar Sterten Jansen
Hilde Fjerdingøy

Festen (arb.tittel)
Nina Lill Svendsen
Christer Tornell
+ 3 dansere frå kompani ODE Ung

Musikkdetektivens soloforestilling
Halvard Bjørkås

Haiku
Karin Augusta Nogva
Stian Omenås
Endre Ruset

«Hallo, møt Snabel»/»Hello, meet Trunk» (arb.tittel)
Chriss Therese Gjerde Granberg
Bendik S. Nordgaard
Jock Maitland
Eric J. Zimmerman

Schismogenesis
Tony Tran
Antero Hein
Jens L. Thomsen

KajaDuoKaja
Kaja Constance Rogers
Kaja Fjellberg Pettersen

Gismervik/Rasten/Garner/Godø
Ann Sofie Godø
Jan Martin Gismervik
Fredrik Rasten
Natali Abrahamsen Garner

Pakken
Hedda Munthe
Charlotte Grundt
Knut Steen
Inger Gundersen

Fire Friheters Fanzine
Karen Helga Maurstig
Bess Frimodig

 

Svar på søknad kunstneropphold innen utgangen av mars!

Søknadsfrist for kunstneropphold var 1.mars 2016. Vi har fått mange spennende søknader og disse er nå under behandling. Svar på søknad kommer innen utgangen av mars!

Linjer i Ilabekken

Linjer i Ilabekken er et prosjekt der kunstnerne Gry O.Ulrichsen og Anne Helga Henning samarbeider med Ila skule i Trondheim og elever i 3. trinn. De benytter kunstneriske prosesser som metode for å lære om nærmiljø og biologi knyttet til Ilabekken.

Prosjektet tar utgangspunkt i formasjonene av visuelle linjer i Ilabekken. Elevene skal kartlegge estetisk utforming av linjer og sette dette i sammenheng med funksjonelle naturvitenskapelige forhold i bekken. Undersøkelsene av disse forholdene danner grunnlaget for å skape arbeider som omhandler kompleksiteten i vannets bevegelser og  utformingen av liv i bekken.

Etter besøkene ved bekken,  jobber elevene gjennom estetiske læringsprosesser med ulike materialer, der de får forme og skape fossen, linjene og de ulike erfaringene de har gjort seg ved fossen. De samtaler med ekspertene og får stille spørsmål om vann og ulike fenomen knyttet til vann, is og snø, dyreliv og andre ting elevene har observert eller erfart under besøkene ved bekken.

To fageksperter, Magnus Waage, som er doktorstipendiat i kjemi, og Helena Bichao, som er universitetsbibliotekar og biolog, er også involverte i prosjektet.

Konferanse «Kunstnere i kreative partnerskap» tirsdag 19. april

SEANSE inviterer til konferansen «Kunstnere i kreative partnerskap» i Sentralen – Oslos nye storstue og kulturhus.

Kreative partnerskap handler blant annet om samspillet mellom det kunstneriske og det pedagogiske, og SEANSE vil i forbindelse med konferansen arrangere en paneldebatt med fokus på omleggingen av Den Kulturelle Skolesekken.

Målgruppe – kunstinstitusjoner og kunstnere som deltar i eller ønsker å delta i kreative partnerskap med skoler og/eller andre samfunnsinstitusjoner

Internasjonalt gjestespill med barne- og ungdomsaktører fra Sasha Waltz’ Kindertanzcompany!

Dato: 19. april 2016
Tid: kl. 09.00 – 16.00

PROGRAM:

08.30: Registrering. Kaffe, te og frukt

09.00-09.15: Velkommen ved Marit Ulvund

09.15-09.45:  TekstLab :: Artxchange, med kunstnerisk leder Shanti Brahmachari og ungdommer fra prosjektet

09.45-10.30: SEANSE Kunstprogram:

  • TREIS (visuell kunst ved Anne Sarah Loe og Helge Aarset
  • SPEL OM DRAUM ved Jon Tombre, Mette Karlsvik og Endre Volden
  • RØYNDOMEN HAR MANGE AUGE ved Are Pilskog

10.30-10.45: PAUSE

10.45-11.15: «Funiculi Funicula» – operaprosjektet. Om samarbeidet Teater Joker, DNO&B og skoleelever i Osloskolen

11.15-12.00: Artists in creative partnerships – inspirations worldwide ved Eric Booth

12.00-13.00: LUNSJ

13.00-13.45: Kindertanzcompany Berlin – Sasha Waltz & Guests: visning og samtale med Gabriel Galinda Cruz og elever fra barnekompaniet

13-45-14.15: Teaching artist programs at Lincoln Center v/Jean E. Taylor

14.15-14.30: PAUSE

14.30-15.00: SEANSE Kunstprogram:

  • JEG/VI ved Mads Buer og Toril Solvang
  • LINJER I ILABEKKEN ved Anne Helga Henning og Gry O. Ulrichsen

15.00-15.50: PANELSAMTALE – omstruktureringen av DKS og Rikskonsertene, med konstituert direktør for Rikskonsertene Ådne Sekkelsten, fylkeskoordinator for DKS Møre og Romsdal Anette Storli Andersen, teatersjef Tom Remlov og forsker Kari Holdhus, ledet av Chris Erichsen.

15.50-16.00: Avsluttende kommentar ved SEANSE

19.00: “Feuerblume” – danseforestilling med elever fra Kindertanzcompany Berlin von Sasha Waltz & Guests. På Sentralen (Gymsalen).

ELEKTRONISK PÅMELDING. Påmeldingsfrist 5. april.
NB! Begrenset antall deltagere.

Kontaktperson: Siri Forberg, kunstnerisk rådgiver SEANSE
siri.forberg@hivolda.no mob: 930 89 940

Foto fra forestillingen Feuerblume, Sasha Waltz Kindertanzcompany: ®Sebastian Bolesch

Kunstneropphold

Søknadsfrist for kunstneropphold var 1.mars 2016. Vi har fått mange spennende søknader og disse er nå under behandling. Svar vil bli gitt alle søkere innen utgangen av mars!

Seanse – senter for kunstproduksjon arbeider for å styrke kvalitet i kunst for barn og unge, og for utvikling av kunstprogram i barnehage, skole og andre samfunnsinstitusjoner.

Siden 2004 har Seanse tatt imot over 150 produksjoner og 400 kunstnere på kunstneropphold. Ønsker du å delta på Seanses kunstneropphold i Volda for å utvikle din produksjon?

Vi tilbyr:

  • Veiledning av mentorer med kunstnerisk og barnefaglig kompetanse
  • Økonomisk støtte til reise og opphold
  • Honorar kr 5000 (10t) pr kunstner pr uke*
  • Tilgang til utstyr (lys, lyd, instrument)
  • Egne lokaler til arbeid, tilgjengelige hele døgnet

Vi tar imot prosjekter i alle stadier av utvikling, fra idé til post-produksjon. Samarbeidet med Høgskolen i Volda gir Seanse tilgang til ett av landets bredeste kompetansemiljø innen kunstfag, samt gode lokaler for kunstnerisk arbeid. Vi arrangerer møter med målgruppe og prøvefremvisninger der det er hensiktsmessig.

KUNSTNEROPPHOLD 2016

  • UKE 23 6-10/6
  • UKE 24 13-17/6
  • UKE 42 17-21/10
  • UKE 43 24-28/10

SØKNADSFRIST 1. MARS – FORVENTA SVAR 15. MARS

Søknadsskjema-KunstneroppholdSeanse2016

God kunst trenger tid og rom!

Velkommen som søker!

Spørsmål? Ta kontakt med Rita Slotterøy rita.slotteroy@hivolda.no (70075414)

*Seanse – senter for kunstproduksjon gir kun et delvis honorar for oppholdet, resten må kunstnere søke om andre steder, eventuelt finansiere selv.

«We wanted to say thank you for this great residency in Volda. It has been really nice to be there, and to be surrounded by other artists. Working in these conditions is optimal, as we felt that we could focus on what we’re doing, and the way it was organized with the little presentation in the middle of the week pushed us to be clear with our ideas and produce something on stage. All in all, the process went very well and we are surprised by how rich this experience has been for our group. So, thank you very much.»  The Krumple Theater Company

Det var veldig fint og konstruktivt for oss å være på kunstneroppholdet hos Seanse, og vi er veldig glade for å ha fått muligheten til dette. Prosjektet er i en idéfase, og oppholdet har vært en uvurderlig måte å begynne arbeidet på. Vi er veldig fornøyde med den praktiske organiseringen av oppholdet. Frokost, felleslunsj og tapasmiddag fortjener bare skryt!
”Jorda rundt på 29 bokstaver” – Fabularium Produksjoner

 

TREIS

Det er ein roleg dag ved Molde vidaregåande skule. Det er god stemning. Elevane i 3.klasse kunst, design og arkitektur er i djup konsentrasjon. Strek etter strek jobbar dei fram forunderlege motiv på store ark.

Det var ikkje alle som heilt i starten forstod kva dei skulle jobbe med og kvifor, men no ser det ut til at neste alle er heilt hekta. Dei har besøk av kunstnar Anne Sara Loe og arkitekt Helge Aarset, eit av ei rekkje besøk dei skal ha i klassa. Elevane jobbar med kunstnariske prosessar, reflekterer og skriv logg etter kvar økt. Utifrå loggen kan det sjå ut til at det alt har skjedd store framsteg i forhold til det meiningsskapande aspektet ved prosjektet.

Ute i hallen samlast klassa etter lunsj, for å gjere eit fyrste forsøk på å skape installasjon i rom. Alle arbeida vert plassert rundt omkring; nokon høgt oppe, andre lågt,  under ei trapp, på ei dør og til og med golvet vert teke i bruk. Dei bryt med tradisjonelle måtar å henge kunst på og utfordrar elevane sine vande idear om plassering av bilete i rom. Tilbake i eit av klassa sine arbeidsrom reflekterer dei saman over problemstillinga rundt det å stille ut. Er det å stille ut, det same som å lage installasjon i rom? Dei kjem fram til at det i alle fall fins mange ulike løysingar på dette.

TREIS er eit teikneprosjekt utvikla av kunstnar Anne Sara Loe og arkitekt Helge Aarset i samarbeid med Molde vidaregåande skule. Elevane arbeidar med å treise, det vil seie teikne av,  i stor skala og med utgangspunkt i ulike former og objekt. Motiva er kopiert på overhead-transparent og projisert på store flater. Filosof Kirsti Torheim er invitert inn i prosjektet for å inspirere og styrke elevane sine refleksjonar kring det kunstnariske arbeidet.

Prosjektet er eit av fem som inngår i Seanses kunstprogram 2015, der kunstnarar jobbar i langvarige samarbeid med skulane.

Foto: Marit Ulvund. Elev ved Molde videragående skule saman med kunstnar Anna Sara Loe.

Draum om spel

Dramaelevane ved Fagerlia vidaregåande skule er i full gang med dagens økt. I heile to intense timar skal dei halde det gåande utan pause. Dramasalen er svart frå golv til tak. Det er høg energi og mykje lyd og bevegelse.

Elevane har fått definerte oppgåver som dei skal jobbe med. Det er fleire postar rundt om i dramasalen; song, dialog, monolog, min nekrolog, bevegelse, «kven er eg om ti år» med meir. Elevane går frå post til post på eit gitt signal. Innimellom kjem det plutseleg musikk, som er eit signal om at alle skal gå over i ein innøvd felles dansebevegelse.

Draum om spel er eit teaterprosjekt der Jon Tombre og Mette Karlsvik jobbar saman med Endre Volden og 2. klasse ved dramalinja på Fagerlia vidaregåande skule i Ålesund.  Dei jobbar med tekstutvikling og oppsetting av eit større teaterstykke i samarbeid med Teatret Vårt og med planar om visning mellom anna i Arbeidaren i Ålesund og under Oslo Poesifestival.

I dag har elevane besøk av Mette Karlsvik. Målet hennar for dagen er å verte betre kjent med den enkelte elev.

Seanse – senter for kunstproduksjons faglege team er også til stades og får vere med å observere, ha rettleiingsmøte og mot slutten av dagen også eit felles oppsummeringsmøte saman med klassen og dei fagleg involverte vaksne.

Foto: Marit Ulvund. Elevar ved Fagerlia vidaregåande skule.