Konferanse: Kunstfag på livet laust

Stad: Ivar Aasen Hotell i Ørsta

Konferansen set lys på kunstfaga som meinings- og meistringsfremjande verkemiddel for menneske med særskilde behov.

Opplevingar og meistring innan kulturelle- og sosiale aktivitetar gir sjølvtillit, trivsel og overskot i kvardagen. Kulturpolitikken skal leggje til rette for at alle kan oppleve og ta del i eit mangfald av ulike kulturtilbod og kunstnarlege uttrykk.

Det er eit overordna mål å sikre at personar med nedsett funksjonsevne skal ha same tilgjenge og høve til deltaking i kulturlivet som folk elles, både som publikum og som aktive deltakarar. Kunst og kultur kan gje innsikt i andre og nye uttrykksformer, og såleis gje nye rom for meistring.

Evalueringa av Den kulturelle skolesekken i grunnskolen framhevar sterkt behovet for betre tilretteleggjing av tilbod til barn og unge med nedsett funksjonsevne.

Men korleis skal ein kunne tilretteleggje om ein ikkje har kunnskap om kva, kvifor og korleis?

Konferansen set lys på kunstfaga som meinings- og meistringsfremjande verkemiddel for menneske med særskilde behov.

Seanse er eit nasjonalt senter som har som mål å skape kvalitetsproduksjonar for barn og unge over heile landet. Vi vil og vere ein kompetanse og utviklingsarena for samarbeid mellom barnehage, skule og kunst.