Kunstnarlærarstudentar gjennomførte 2. samling

Denne veka møttes studentane i studieemnet Kunstnarlærar ved Høgskulen i Volda, for å lære meir om kva det vil seie å vere ein kunstnarlærar.

Studentane jobba med utvikling av sine kunstprogram. Dei pitcha ideane sine til kvarandre og diskuterte i grupper rundt ulike problemstillingar knytt til det å vere utøvande kunstnar i ulike samfunnsinstitusjonar. Dei var med på forelesingar der ein lærer korleis ein samarbeidar om og utviklar eit kunstprogram saman med ein partner i ein institusjon.

Studentane delte sine erfaringar frå 1. samling i Edinburgh i august, der alle fekk i oppgåve å intervjue ein teaching artist som deltok på konferansen ITAC3. Dei fikk høyre om erfaringar frå Seanse sitt Kunstprogram 2015, ein pilot der ti kunstnarar i ulike partnerskap gjennomførte fem kunstprogram ved forskjellige skular rundt om i Norge. Piloten strakte seg over ei periode på rundt eit år.

Korleis er det å vere kunstnar og jobbe i ein skule, på ein aldersheim eller i eit fengsel? Kva kompetansar treng ein for å skape gode kunstmøter? Og kven er du som kunstnarlærar? Det vart gjennomført fleire forelesingar knytt til temaet kunstnarlærar. Studentane samtala i grupper og i plenum, og dei måtte reflektere rundt ulike spørsmål som Kven er eg som kunstnarlærar? Kva inspirerar meg? Kva brenn eg for? Og kva ønsker eg med mitt kunstprogram?

 

dsc_0101dsc_0097dsc_0115dsc_0122