Kunstnarlærarstudentar til Skottland for å lære om teaching artistry

3.- 5. august gikk den tredje internasjonale Teaching Artist konferansen av stabelen i Edinburgh. “Best, next and radical practice in participatory arts” 

August månad i Edinburgh syder av liv med kunstfestivalen The Fringe, The Royal Edinburgh Military Tattoo, Edinburgh Art Festival og International Festival.  Midt i denne kreative festivalstemninga hadde Voldastudentane si fyrste fellessamling i studieemnet Kunstnarlærar.  ITAC3 konferansen omhandla viktige spørsmål knytt til deltakande kunstpraksis. Konferansen bestod av praktiske verkstadar, plenumsforedrag, seminar og debattar. Ein Teaching Artist – kunstnarlærar – er ein profesjonell kunstnar som jobbar med og gjennom kunst i skular eller andre samfunnsinstitusjonar.

Den internasjonale konferansen gav studentane ei unik mulegheit til å få nye kunnskapar og forståing for feltet, der 220 deletakarar frå 18 ulike nasjonar var til stades. Kunstnarar, organisasjonar og forskarar frå heile verda samlast for å dele erfaringar og kunnskap og for å lære av kvarandre. Studentane frå Volda fekk høyre om korleis kunstnarar i andre delar av verda jobbar i partnerskap med ulike samfunnsinstitusjonar, og dei fekk delta i ulike verkstadar der dei sjølve kunne vere praktiserande. Ein viktig del av studiet vil bli å lage eit slikt kunstprogram, der dei skal samarbeide med ein institusjon og gjennomføre dette i løpet av haustsemesteret.

2011-02-25 15.49.26
Marit Ulvund ønsker velkommen. Foto: Rita Slotterøy

SEANSE – SENTER FOR KUNSTPRODUKSJON,  EIN AV GRUNNLEGGARANE AV DET INTERNASJONALE TEACHING ARTIST NETTVERKET

Marit Ulvund, frå Seanse ved Høgskulen i Volda, er ein av grunnleggarane av ITAC og var med å organisere og leie den fyrste konferansen, ITAC1, som vart heldt i Oslo i 2012. ITAC2 vart heldt i Brisbane i 2014, og ITAC4 er planlagt gjennomført i New York i 2018. I tillegg til å vere med å ønske velkomen i Edinburgh, heldt Ulvund eit innlegg om TAG Exchange, Teaching Artist Global Exchange Program, saman med Jean E. Taylor, frå Lincoln Center, NY. TAG Exchange vart valt som mest spennande idé for ny satsing på ITAC2 i Brisbane 2014. Ideen vart utvikla av Seanse saman med Lincoln Center Education.

I april i år hadde Seanse gleda av å ta imot den aller fyrste kunstnaren til Norge, på utveksling gjennom TAG Exchange. Kunstnaren Jean E. Taylor besøkte under si utveksling, Volda, Bergen og Oslo, for å lære meir om måten kunstnarar og kunstorganisasjonar i Norge jobbar med kunst inn imot ulike institusjonar. I juli i år reiste den norske kunstnaren Mads Buer, på utveksling til NY, der han var gjest hos Lincoln Center Education. Disse erfaringane vart presentert og delt med deltakarane på ITAC3 konferansen i Edinburgh.

2011-02-26 13.58.07
Mads Buer, Jean E. Taylor og Marit Ulvunds presenterer TAG Exchange. Foto: Rita Slotterøy

Creative Scotland er vertsorganisasjonen av ITAC3 konferansen i august 2016, i samarbeid med Paul Hamlyn Foundation, ArtWorks Alliance, saman med konferansen sine tidlegare vertar og grunnleggarar; Eric Booth, Marit Ulvund, Brad Haseman og Judith McLean.

2011-02-26 15.31.10
Arkitekturverkstad, der alle deltakarane kunne vere med å bygge. Foto: Rita Slotterøy