Draum om spel

Dramaelevane ved Fagerlia vidaregåande skule er i full gang med dagens økt. I heile to intense timar skal dei halde det gåande utan pause. Dramasalen er svart frå golv til tak. Det er høg energi og mykje lyd og bevegelse.

Elevane har fått definerte oppgåver som dei skal jobbe med. Det er fleire postar rundt om i dramasalen; song, dialog, monolog, min nekrolog, bevegelse, «kven er eg om ti år» med meir. Elevane går frå post til post på eit gitt signal. Innimellom kjem det plutseleg musikk, som er eit signal om at alle skal gå over i ein innøvd felles dansebevegelse.

Draum om spel er eit teaterprosjekt der Jon Tombre og Mette Karlsvik jobbar saman med Endre Volden og 2. klasse ved dramalinja på Fagerlia vidaregåande skule i Ålesund.  Dei jobbar med tekstutvikling og oppsetting av eit større teaterstykke i samarbeid med Teatret Vårt og med planar om visning mellom anna i Arbeidaren i Ålesund og under Oslo Poesifestival.

I dag har elevane besøk av Mette Karlsvik. Målet hennar for dagen er å verte betre kjent med den enkelte elev.

Seanse – senter for kunstproduksjons faglege team er også til stades og får vere med å observere, ha rettleiingsmøte og mot slutten av dagen også eit felles oppsummeringsmøte saman med klassen og dei fagleg involverte vaksne.

Foto: Marit Ulvund. Elevar ved Fagerlia vidaregåande skule.